Mads Iversen: To tekster

Fakta om Danmark
 
Ein landar på Danmark. Himmelen er dansk. Dansk betyr flat. Det er langt til Danmark. Det har vore sånn sidan antikken. Humlene er danske. Danmark er langt unna. Ein kjem dit med fly. Danmark er eit land. Det fins ein diskurs om Danmark. Lufta er flat. Ein slepp hundre tusen liter CO2 på Danmark. Danmark er dansk. Danmark er gass og jord. Ein begynnar å trekka pusten. Det som er dansk har eit avgrensa territorium.
 
 
 
Fakta om sola
 
Ein kan ikkje snakka med sola. Sola er ikkje ein person. Sola er ein gassklump. Sola er mektig. Men sola er ikkje ein person. Sola er til å stola på. Men ein bør gå i riktige klede. Sola er sunn. Ein bør dekka auga og salva huden. Sola er ikkje ein person. Ein kan ikkje snakka med henne. Sola er milliardar av år gammal. Sola skal dø. Ho er farleg. Me kan ikkje stola på henne. Sola vil eksistera.
 
 
 
Vis / skriv kommentar (0)

Skriv en kommentar

Kommentarer godkendes af redaktionen før de publiceres.
Du kan skrive med <b>fed</b>, <i>kursiv</i> og indsætte links
<a href="http://www.linkurl.dk">linktekst</a>